Lomshaugen
Idyllisk tur med god sti, først i lauvskog og deretter gjennom furuskog. Over skoggrensa går stien nokre få plassar over myrområder som kan vere blaute. Enkel og relativ kort tur.
Google maps road directions: here
Ta av frå fylkesvegen ved brua i Osen i Eresfjord (nordenden av Eikesdalsvatnet) og følg grusvegen så langt den går inn til Meringdal. Parker før brua over elva til campingplassen. Vis omsyn der du parkerer ved campingplassen i Meringdal. Snakk gjerne med vertsfolket.
Etter parkering ved campingplassen i Meringdal, går du over brua og tar svakt oppover forbi campingvognene og marka til høgre. I enden, først ein skarp sving til høgre og deretter til venstre opp til ny innmark. No er du snart inne på stien. Denne følgjer du nokre hundre meter oppover til du ser ei pil peike inn til venstre. Følg denne rett inn til venstre og opp. Først bratte bakkar langs ein skogsrygg. Deretter i slakkare terreng i den åpne furuskogen. Her kan du også sjå noen typiske hjortebad i myra.
Over skoggrensa åpner det seg ei storslått utsikt over Eresfjord. Og i andre retninga mot Eikesdal.
Restane etter Meringdalsetra ligg i eit lite dalsøkk ned til høgre rett før siste stigninga opp til Lomshaugen.
Meringdalsetra var ein seterstøl. Men berre restar av murane står igjen.
Ta gjerne ein avstikkar ned dit også. Men turtrimboka ligger på Lomshaugen, 600 moh.
Radiomasta der oppe er restar etter tida då Radio Nesset eksisterte. Den vil bli fjerna. Uansett; storslått utsikt !
Som alternativ til tur ned igjen, kan du gå ned langs elva. Ingen sti og innimellom litt ulendt. Men spennande og flott.
2 personer har vurdert denne turen
2.8 km length
2 hs road
Grade: Medium
591 m climb
592 m Height
30 m lowest point
June - October
Marked path
See weather forecast
Download description
Download GPX tracks
Upload image
Municipal
Nesset - Møre og Romsdal
Decimal degrees
62.61873 – 8.11816
Area
Eikesdalen